Dipai pris OSJ 2 foto OSJ
FEKK PRIS: Denne gjengen fra Dipai kunne ta med seg pris heim frå OSJ-konferansen i London. Foto: OSJ
Kort fortalt

Fekk gjev pris på London-konferanse

Heider til to selskap frå regionen.

Marius Rosbach
04.02.2026

To selskap frå Nordvestlandet fekk kvar sine prisar under den årlege OSJ - Offshore Support Journal Conference and Exhibition – i London denne veka. 

Ålesund-selskapet Dipai blei heidra med prisen Innovation of the Year Award 2026 for deira system som gir reiarane digital oversikt over drifta. 

Prisen går til eit produkt, teneste eller system som i betydeleg grad har betra eit design, nybygg eller operasjon for offshorefartøy i løpet av det siste året. 

Også Herøy-reiarlaget Rem Offshore blei heidra under konferansen med ESG Award 2026. Prisen går til ein organisasjon som har laga eller forbetra eit program for ESG-arbeid – og som kan vise til konkrete resultat. 

Publisert: 04.02.2026 16:58

Sist oppdatert: 04.02.2026 16:58

Mer om