Selskapet Emerald Nuclear Inc er i full gong med å planlegge etablering av to fabrikkar på Sunnmøre. Ved den eine vil dei lage reaktorar til kjernekraft og ved den andre vil dei lage brennstoff til reaktorane.
Til saman dreiar det seg om investeringar på mellom 250 og 300 millionar dollar – eller 2,4 til 2,9 milliardar kroner – i dei to fabrikkane.
– Dette er eit prosjekt vi skal utvikle saman med våre samarbeidspartnarar og offentlege styresmakter, seier Hallgeir Juliebø til Nett No.
Nordmannen har rolla som CCO i det amerikanske selskapet Emerald Nuclear Inc, og han er styreleiar i Emerald Nuclear Norway AS.
– Å bygge ein reaktorfabrikk dreiar seg eigentleg om produksjon av avanserte produkt i stål. Når det gjeld brennstoff-, eller «fuel»-produksjonen er det litt meir avansert, men det er i grunnen prosessindustri, fortel han.
Vil starte med store offshoreskip
Dei siste åra har det vorte stadig meir aktuelt å ta i bruk kjernekraft som energikjelde i sivil skipsfart. Det er denne marknaden Emerald Nuclear Norway vil sikte seg inn mot med mindre reaktorar.
Tysdag letta Juliebø på sløret for planane under eit seminar om kjernekraft ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.
– Vi startar med store offshorefartøy og samarbeider både med Vard, Island Offshore og andre i same bransje, fortel Juliebø.
Reiarsjef Tommy Walaunet i Island Offshore fortalde nyleg til Nett No at han meiner kjernekraft er langt meir spennande enn andre alternativ for sokalla nullutslepp i skipsfarten.

– Vi har verdas beste maritime clüster her
Også NTNU er ein viktig medspelar for Emerald Nuclear Norway gjennom forskingsprosjektet Nuproship, som Nett No har omtalt fleire gonger tidlegare.
– Kvifor vil dere etablere fabrikkane her på Sunnmøre?
– Fordi det ikkje er noko anna plass i verda vi kan gjere noko slikt. Vi har verdas beste maritime clüster her, og dei flinkaste folka.
– Ålesund med clüsteret har det mest framoverlente miljøet vi kjenner til, og det støttes av dei internasjonale partnerene vi har teke med hit, seier Juliebø.
Han er tydeleg på at satsinga ikkje hadde skjedd utan deltakinga i Nuproship-prosjektet, og lovprisar støtta dei har fått frå NTNU i Ålesund.
– Uten desse hadde vi ikkje stått her i dag. Det vi har bidrege med, er nokre av verdas flinkaste spesialistar på området, legg han til.

Siktar mot kommersiell produksjon innan fem år
Innan eit halvt år håpar selskapet å ha funne tomta dei vil etablere fabrikkane på.
Juliebø vil ikkje no vere konkret på kva områder dei vurderer, men fortel at dei allereie har vore på befaring.
– Vi vil ha ein lokal partner som tek hand om denne prosessen, fortel han.
Ifølgje eit «vegkart» styreleiaren viste fram på NMK-seminaret, siktar selskapet seg inn mot å lage prototypen for kjernereaktoren i 2028-2030. Året etter håpar dei å ha ein flytande prototype ved Campus Ålesund som kan nyttast til opplæring og demonstrasjon av sikkerheita.
Målet er at den kommersielle produksjonen av reaktorar med levering til verftsindustrien, kjem deretter.
Fleire hundre arbeidsplassar
Med full utbygging ser selskapet føre seg at kvar fabrikk til trenge opp mot 100 tilsette – som vil seie kring 200 nye arbeidsplassar samla.
Det norsk dotterselskapet har etablert seg med kontor på NMK i Ålesund. Per i dag er det ingen som bemannar kontoret fast – og styreleiaren bur i Madrid. I Spania har dei også ein partnar med kring 300 kjernekraftingeniørar som er sterkt involverte i arbeidet.
I løpet av kort tid vil det bli tilsett ein dagleg leiar og 3-4 fire marine ingeniørar ved selskapets første «engineering hub» i Ålesund. Dette er ingenørar som skal jobbe med løysingane som skal om bord på skipa.
– Vi har funne ut at det er lettare å vidareutdanne ein marineingeniør inn mot anvendt kjernekraft, enn å ta en kjernekraftingeniør den andre vegen. Ein reaktor er enklere å bygge enn eit komplekst skip, påpeiker han.

Henter kapital
Amerikanske Emerald Nuclear Inc er morselskapet til kjernekraftsatsinga, og alle avgjerder om bruk av kapital i Norge, blir teke av styret her.
Juliebø fortel at det planlagde fabrikkane vil bli organisert som eigne selskap og at dei jobbar med å skaffe kapital til å løfte milliardinvesteringa.
– På denne sida jobbar vi med store globale finansaktører, seier han.
Emerald har ein forretningsmodellen går ut på selje energi til kvart enkelt skip, og beholde rolla som eigar og operatør av reaktorinstallasjonane.
– Dette gjer det mykje enklare for skipseigarane, legg Juliebø til.
Publisert: 04.02.2026 11:05
Sist oppdatert: 05.02.2026 14:19






