Kort fortalt

271 bruer har skadar

Skadane påverkar bereevna.

04.03.2019
NPK: Etter å ha kontrollert 17.034 bruer i fjor fann Statens vegvesen skadar på om lag 1,5 prosent av dei som må rettast opp i.
Bruinspeksjonen viste at 271 bruer har skadar som i ulik grad påverkar bereevna til bruene – og som krev ulike former for oppfølging og tiltak, fortel direktør Jane Bordal i Statens vegvesen til Nationen.
– Vi har 52 bruer som står registrert med alvorlegaste skadeprioritet. 219 bruer står med merknad om skadar som kan gå utover trafikktryggleiken. Her kan det vere skadar som typisk rust, ròte og sprekk i betong – som kan ha betydning for bereevna til brua. Vi har her innført tiltak som for eksempel avgrensingar og restriksjonar for å trygge desse bruene, seier seksjonssjef for bruforvaltning og beredskap i Vegdirektoratet, Morten Wright Hansen, til avisa.
Det er cirka 17.500 trafikkerte bruer og ferjekaier på riks- og fylkesvegane her i landet. Av desse er rundt 5.800 på riksvegane, resten på fylkesveg.

Publisert: 04.03.2019 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35