Kort fortalt

30 døydde på jobb i fjor

Eit av dei høgaste tala siste ti år.

06.02.2026

(NPK-NTB): 30 personar døydde på jobb i fjor, eit av dei høgaste tala dei siste ti åra. Dei vanlegaste ulykkene er trafikk- og klemulykker.

– Kvart arbeidsskadedødsfall er djupt alvorleg. Bak tala står menneske som ikkje kom heim frå jobb, familiar som har mista nokon dei er glade i og kollegaer som er i sorg, seier direktør Ingvill Kvernmo i Arbeidstilsynet i ei pressemelding.

Dei siste ti åra er det berre i 2021 at talet var høgare.

Halvparten mista livet i trafikk- og klemulykker: Åtte i trafikkulykker og sju i klemulykker. Tidlegare år har fallulykker vore blant dei vanlegaste ulykkestypane, men i 2025 omkom to personar i fallulykker, skriv tilsynet. Dette er færre enn gjennomsnittet dei siste ti åra.

Dei fleste dødsfalla skjedde innanfor industri, og innan jordbruk, skogbruk og fiske. Andelen dødsfall innanfor desse næringane auka i fjor og ligg på eit høgare nivå enn dei siste ti åra.

Av dei 30 som døydde på jobb i fjor, var heile 29 menn. Arbeidstakarar over 55 år var overrepresentert, noko som er i tråd med tidlegare år. Nær halvparten var i alderen 55 til 67 år.

Alle fylka, med unntak av Finnmark og Agder, hadde arbeidsrelaterte dødsfall i fjor. Flest av dei skjedde i Innlandet, med sju døde.

(©NPK)

Publisert: 06.02.2026 09:44

Sist oppdatert: 06.02.2026 09:44

Mer om