300 koronamillionar til fylka
Skal gå til kompetanseheving i arbeidslivet.
Fylkeskommunane får 300 millionar kroner til kompetanseutvikling for å hindre permitteringar og oppseiingar.
− Med desse pengane kan bedriftene bruke ledig kapasitet til å heve kompetansen og omstille seg framfor å permittere eller seie opp dei tilsette. På den måten kan vi motverke permisjonar og oppseiingar samtidig som fleire får auka kompetanse for framtida, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).
Pengane er øyremerkte bedriftsintern opplæring og skal brukast for å motverke permitteringar og oppseiingar og dessutan bidra til kompetanseheving.
Det er fylkeskommunane som skal forvalte pengane, som er fordelte med eit likt beløp per innbyggjar. Dei blir utbetalte 6. april.
Publisert: 01.04.2021 08:57
Sist oppdatert: 01.04.2021 09:05