Kort fortalt

350 personar i karantene i Ålesund

75 personar er i isolasjon etter nye smittetilfelle.

06.08.2021

Ålesund kommune fekk torsdag kveld meldt ytterlegare tre nye smittetilfelle. Til saman fekk vi meldt åtte nye smittetilfelle torsdag, opplyser kommunen i ei pressemelding.

To av dei tre sist meldt var nærkontaktar medan ein har fått påvist smitte etter utanlandsreise. Det er registert totalt 37 personar hittil denne veka som er smitta av koronavirus. Førre veke var det over 60 personar.

Koronastatistikk per 6. august:

  • Det er per i dag ca 75 personar i isolasjon og 350 i karantene.
  • Denne veka har vi så langt fått meldt 37 smittetilfelle.
  • Dei to store utbrota vi har hatt, har vi god kontroll på.
  • Det er likevel ein del smitte i samfunnet både lokalt og nasjonalt. Ein må difor vere oppmerksom slik at vi kan ha kontroll.

Ålesund kommune kjem med ei oppmoding til dei som er mellom 18 og 39 år om å la seg vaksinere og om å følge smittevernråda.

- Vi ser at det er i denne gruppa smitta har auka siste vekene. Samstundes er det desse som først nyleg har fått tilbod om vaksinering og har låg dekning per no.

Råda til innbyggarane er:

  1. Bestill vaksinetime, det er mange ledige timar fremover.
  2. Reduser sosial kontakt. Maks 10 personar på private samankomstar. Ha navneliste klar ved eventuell smittesporing.
  3. Registrer deg når du besøker utestadar og restaurantar, dette vil hjelpe ei eventuell smittesporing.
  4. Bruk munnbind der du ikkje kan halde minst 1 meter avstand.
  5. Test deg for korona om du har symptom.

Publisert: 06.08.2021 12:48

Sist oppdatert: 06.08.2021 12:52

Mer om