NPK-NTB: Arbeidarpartiet når eit nytt botnpunkt, 15,5 prosent, i ei måling Opinion har gjort.
Høgre får ein oppslutnad på 36,9 prosent, noko som er ein oppgang på 5 prosentpoeng frå førre måling utført av Opinion for FriFagbevegelse , Dagsavisen og Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Målinga er utført i perioden 28. februar til 6. mars og er basert på 999 telefonintervju. 70 prosent har svart om partireferanse og resultata må tolkast innanfor feilmarginar som varierer mellom 1 og 3 prosentpoeng.
Målinga i heilskap (endring frå februar i parentes): Ap 15,5 (-1,3), H 36,9 (+5) Sp 6,2 (+1,1) Frp 12,2 (-0,6), SV 7,9 (-1,0), Raudt 5 (-2,8), V 4,8 (+0,7), MDG 2,4 (-1,2) KrF 4,1 (+0,1).
Publisert: 08.03.2023 15:50
Sist oppdatert: 08.03.2023 15:53