4.527 med alvorlege biverknader
Mange meldingar om menstruasjonsforstyrring etter vaksine.
Etter at over 10,2 millionar dosar koronavaksine er sett, har det komme 4.527 meldingar om alvorlege biverknader.
Det viser ein ny rapport frå Legemiddelverket.
Talet er ein auke på 324 sidan førre tilsvarande rapport frå 14. desember, då 9,2 millionar dosar var sette.
Per 4. januar har over 1.645.000 nordmenn fått ein tredje dose eller oppfriskingsdose. Det er førebels ikkje registrert andre biverknader etter tredje dose eller oppfriskingsdose enn ved tidlegare dosar.
Legemiddelverket har så langt behandla 2.745 meldingar om menstruasjonsforstyrring hos kvinner som følgje av biverknader. Dei fleste meldingane gjeld kvinner mellom 20 og 49 år. Mindre enn 10 prosent av meldingane om menstruasjonsforstyrringar blir klassifiserte som alvorlege.
Publisert: 06.01.2022 14:22
Sist oppdatert: 06.01.2022 14:24