4 av 10 har vore sjuke siste månaden
Høgsesong for luftvegsinfeksjonar.
(NPK-NTB): Det er høgsesong for luftvegsinfeksjonar for tida, og i ei ny undersøking svarer 44 prosent av dei spurde at dei har vore sjuke den siste månaden.
– Om ein ikkje har vore sjuk sjølv, har ein nok opplevd at det har vore mange sjuke rundt omkring. Det er heller ikkje så rart, nesten halve befolkninga har vore sjuk den siste tida, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion, som står bak undersøkinga.
Folkehelseinstituttet har peika på at ein ny og svært smittsam koronavariant – kalla JN1 – er i omløp og reknar med at dei fleste nordmenn truleg blir smitta denne vinteren. I tillegg er også årets influensautbrot i full gang.
Nesten halvparten som er sjuke (44 prosent), mistenkjer at dei har korona, viser undersøkinga. Fire av ti av dei sjuke, og nesten seks av ti som mistenkjer korona, har testa seg.
Blant dei som har mistenkt korona, har 37 prosent testa positivt og 20 prosent testa negativt, medan resten (44 prosent) ikkje har testa seg.
Ein av tre nordmenn (34 prosent) svarer at dei ventar at korona i stor grad vil prege vinteren, medan 59 prosent i lita grad trur det.
Samtidig er det svært få som forventar nye koronarestriksjonar denne vinteren, berre 7 prosent fryktar dette.
(©NPK)
Publisert: 22.12.2023 08:34
Sist oppdatert: 22.12.2023 08:34