NPK: Flyktningar blir i stor grad buande i den første busetjingskommunen dei første åra, men etter kvart flyttar mange til meir sentrale område.
Personar med flyktningbakgrunn flyttar lite dei første åra etter busetjing, men flyttemønsteret endrar seg når introduksjonsprogrammet er avslutta, ifølgje ei ny oversikt frå Statistisk sentralbyrå.
Etter fem års butid har under 20 prosent flytta frå den kommunen dei først vart busette i, medan delen aukar til nær 40 prosent etter åtte år.
Statistikken viser at mange av dei som flyttar, endar opp i bykommunar i Oslo-regionen og langs Oslofjorden. Kommunar som Ullensaker, Lørenskog og Lillestrøm har ein stor del tilflyttarar som ikkje vart busette der opphavleg. Også fleire byar i Østfold har hatt høg innflytting.
Publisert: 16.12.2025 10:03
Sist oppdatert: 16.12.2025 10:03





