Kort fortalt

40 prosent misfornøgde med breibandet

Undersøking frå Epsi.

26.10.2021
(0NPK-NTB): Det er framleis mykje misnøye å spore blant breibandskundar, viser ein ny studie frå Epsi. 60 prosent oppgir å vere fornøgde, medan 40 prosent er misnøgde.

Det er på linje med slik det har vore i nær alle åra Epsi har undersøkt bransjen. Heile perioden mellom 2007 og 2021 har mellom 59,9 og 62,5 av kundane vore nøgde.


Ifølgje målinga opplever kvar tredje kunde at breibandfarten ikkje er i samsvar med avtalen. Kvar fjerde kunde oppgir òg å ha klaga det siste året. Heile 40 prosent av kundane som har klaga oppgir i tillegg at problemet deira ikkje har vorte løyst.

Dagleg leiar Fredrik Høst i Epsi Noreg slår fast at breiband no har vorte ei teneste kundane rett og slett forventar at skal fungere. Dei uttrykkjer sjeldan begeistring for internettilgangen.

– Breibandkvaliteten er gjennomgåande framleis for dårleg, servicenivået som blir tilbode, er for svakt, og mange kundar kjenner rett og slett at internettleverandøren deira ikkje er spesielt interesserte i dei som kundar, seier han i ei pressemelding.

Framleis er bedriftskundar gjennomgåande meir fornøgde enn privatkundar, men i år i privatmarknaden har delen som er nøgde falle frå 69,1 til 67,2.

– Sjølv om breibandkvaliteten ut til bedriftene held seg på gode nivå, er tilbakemeldinga frå bedriftene at leverandørane har vorte meir passive. Færre er følgde opp godt nok, og ein del bedrifter føler at kundeforholdet deira ikkje blir godt nok prioritert, seier Høst.

Altibox er leverandøren flest er nøgde med.

(©NPK)

Publisert: 26.10.2021 11:57

Sist oppdatert: 26.10.2021 12:02

Mer om