Kort fortalt

400 kan miste jobben i Seadrill

Kring 40 prosent av dei tilsette kan bli råka.

01.12.2021

(NPK-NTB): Rundt 40 prosent av dei tilsette i Seadrill Norway Crew kan miste jobben når to riggar er ferdige med oppdraga sine på nyåret.

Seadrill har 1.050 tilsette i Noreg gjennom selskapet Seadrill Norway Crew AS, som har hovudkontor i Stavanger.

Til våren er riggen «West Bollsta» ferdig med boreprogrammet sitt, og kontrakten med Lundin blir avslutta. I tillegg skal riggen «West Hercules» til Canada på eit oppdrag i eit halvt år frå februar eller mars. Det gjer at opp mot 400 tilsette blir overflødige i selskapet, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det blir sannsynlegvis sendt ut oppseiingar rett før jul. Alle får tre månaders oppseiingstid, seier klubbleiar for Safe i Seadrill, Arild Jenssen til avisa.

Ein del kan få jobbe vidare i Canada, men kor mange det gjeld er usikkert. I nedbemanninga vil ansiennitet vere avgjerande.

(©NPK)

Publisert: 01.12.2021 08:08

Sist oppdatert: 01.12.2021 08:10

Mer om