Kort fortalt

400 nye vegmillionar

Skal gå til vedlikehald av fylkesvegar.

08.04.2021

400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar er fordelt, opplyser Samferdselsdepartementet.

Møre og Romsdal får 40 millionar, Vestland 76 millionar.

– Mange stadar er det eit stort behov for oppgradering, og no kjem det meir pengar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.

Pengane kjem i tillegg til dei prosjekta og tiltaka som allereie er planlagde for 2021 av fylkeskommunane, opplyser regjeringa.

Det er ikkje stilt krav til eigendel frå kommunane, og pengane skal gå til vedlikehaldstiltak. Dei må gjennomførast i 2021.

Statens vegvesen har fordelt pengane etter fylke, og ikkje prosjekt og tiltak, fordi det kan komme endringar gjennom året. Vestland, Nordland og Troms og Finnmark er dei som får mest tilskot.

Publisert: 08.04.2021 20:05

Sist oppdatert: 08.04.2021 20:08