Kort fortalt

5,2 prosent auke for stortingsrepresentantane

Lønsvekst for statsminster, statsrådar og stortingsrepresentantar.

19.06.2024

NPK-NTB: Den meinige stortingsrepresentanten skal no tene 1,171 millionar kroner. Ialle fall er det forslaget som truleg blir vedteke torsdag. Det er ein auke på 5,2 prosent.

Forslaget som Stortinget skal stemme over torsdag går ut på ein lønnsauke på 5,2 prosent, eller 63.810 kroner, skriv Nettavisen.

Den nye lønna til statsministeren blir liggjande på 2,057 millionar kroner, statsrådar får lønn på 1,671 millionar kroner, og meinige stortingsrepresentantar på 1,171 millionar kroner.

Stortinget set oppgåva med å bestemme eiga lønn til eit såkalla Godtgjersleutval. Dei la også fram to meir moderate alternativ, men dei vart lagde vekk.

Publisert: 19.06.2024 10:50

Sist oppdatert: 19.06.2024 10:50