Kort fortalt

500 færre DNB-jobbar

Stillingskutta skal gjennomførast neste halvår.

10.09.2024

NPK-NTB: Noregs største bank DNB skal kutte kostnader og prioritere digitalisering i ein ny strategi. Derfor har dei som mål å kutte 500 stillingar.

I dag oppdaterte banken strategien til konsernet, og i den ligg det at DNB framover skal «styrke bankens kundeorientering og prioritere forenkling og digitalisering som kommer kundene til gode», kjem det fram i ei børsmelding tysdag.

Det var Dagens Næringsliv som omtalte saka først.

– DNB er godt posisjonert for å ta nye steg innan digitalisering og automatisering. Samtidig har også DNBs kostnader auka i takt med høg inflasjon og fleire regulatoriske krav til bankane, og vi erkjenner at vi er nøydde til å bruke ressursane våre på færre, men større løft, seier konsernsjef Kjerstin Braathen.

Målet er ein reduksjon i bemanning på omkring 500 årsverk det neste halvåret.

– Nedbemanning er ikkje noko vi tek lett på, og vi forstår at dette skaper uvisse blant våre tilsette. Derfor vil vi leggje vekt på å sikre ein ryddig prosess og god dialog med dei som blir ramma og dei tillitsvalde, seier Braathen.


Publisert: 10.09.2024 13:03

Sist oppdatert: 10.09.2024 13:03