NTB oy Td8ap LU8 M 1
NYE SKIP: Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og forsvarsminister Bjørn Arild Gram legg fram langtidsplanen for Forsvaret under ein pressekonferanse om bord på kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og forsvarsminister Bjørn Arild Gram legg fram langtidsplanen for Forsvaret under ein pressekonferanse om bord på kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK Sjå fleire bilete
Kort fortalt

600 milliardar til Forsvaret

Skal ha nye fregattar, utbåtar og andre fartøy.

05.04.2024

NPK-NTB: Regjeringa skal styrkje forsvaret av Noreg med 600 milliardar kroner dei neste tolv åra.

– Denne planen er eit historisk løft for Forsvaret og inneber ei stor styrking av alle forsvarsgreiner, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Til saman skal staten bruke 1624 milliardar på forsvar fram til 2036. Då vil forsvarsbudsjettet vere nesten dobbelt så stort som det er i dag, målt i reell kroneverdi, ifølgje regjeringa.

– Regjeringa går inn for ei stor styrking av Sjøforsvaret, med nye fregattar, ubåtar og andre fartøy. Planen inneber også ei historisk satsing på vernet vårt mot lufttruslar, og regjeringa vil gå til innkjøp av Noregs første langtrekkjande luftvern. Vi vil også styrkje landsmakta ved å utvide Hæren frå éin til tre brigadar og auke Heimevernet til totalt 45.000 soldatar, seier Støre.

Nyheitene vart kunngjorde då regjeringa la fram langtidsplanen sin for forsvarssektoren fredag formiddag.

– Vi vil satse på eit sterkt forsvar i heile landet. Når vi bruker så mykje pengar på forsvar, må det gjerast på ein måte som skaper norske arbeidsplassar og investeringar, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (SP).

Publisert: 05.04.2024 12:09

Sist oppdatert: 05.04.2024 12:15