Geiranger turister september foto Marius
MYKJE BESØK: Geiranger tek imot rundt 1 million turistar kvart år. Her er turistar på ferjekaia i fjor haust. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

7 av 10 i Geiranger meiner det er for mange turistar

Funn frå fersk undersøking.

10.02.2026

(NPK-NTB): I ei folkeundersøking blant innbyggjarar i Geiranger svarer eit overveldande fleirtal at for mange turistar skaper frustrasjon og sinne.

Dei vel 200 fastbuande har svart om kva dei meiner om dei ein millionar turistane som kjem til bygda kvart år. Funna frå undersøkinga vart lagt fram på eit folkemøte måndag, skriv NRK.

72 prosent svarer at det er for mange turistar, og 40 prosent seier det er altfor mange.

– Sentrum er kaos på alle måtar. Fullt på parkeringsplassen. Fullt i butikkar. Fullt på restaurantar. Fullt i gatene. Fullt overalt. Ikkje triveleg, har ein av innbyggjarane svart.

På det meste kjem fleire enn 15.000 turistar til Geiranger kvar dag om sommaren. Konsulentselskapet 2469 Reiselivsutvikling som står bak rapporten, tilrår å avgrense dette til rundt 11.000 turistar kvar dag, og dessutan å innføre forbod mot helikopter i området.

Rapporten er bestilt av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Dei har ikkje frigitt heile rapporten enno, men vil vente til den er lagt fram for kommunane, fylket og reiselivsaktørane tysdag. Reiselivssjef Tom Anker Skrede er oppteken av å spreie turismen meir utover.

– Me må spreie det godt utover for at det skal vere godt både for dei som bur her og dei som kjem på besøk, seier han.

(©NPK)

Publisert: 10.02.2026 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2026 15:31

Mer om