Kort fortalt

79 kvinner på Stortinget

Det er ny rekord.

14.09.2021

Talet på kvinner med fast plass på Stortinget nærmar seg 50 prosent etter valet på måndag, viser førebelse tal.

Det ligg an til at 79 kvinner og 90 menn er valde inn på Stortinget. Det gir ein kvinnedel på 46,7 prosent.

Likestillinga på dette området blir betre og betre for kvar valperiode. I 2017 vart 69 kvinner og 100 menn valde inn. Årets val rettar ytterlegare på kjønnnsubalansen i nasjonalforsamlinga.

Prosentvis vil SV ha flest kvinner i gruppa si, med åtte av 13 innvalde (61 prosent).

Publisert: 14.09.2021 08:38

Sist oppdatert: 14.09.2021 08:39