Kort fortalt

85 luftspenn får lys

Lysa vil blinke 20 gongar i minuttet.

26.02.2021

Statnett må innan hausten lyssetje 85 leidningsspenn over fjordar og dalføre her i landet. Målet er å redusere risikoen for fly- og helikopterulykker.

Dei nye luftlysa vil blinke 20 gonger i minuttet.

– Vi har forståing for at nokon kan synast blinkande varslingslys kan vere ubehageleg å ha i synsfeltet, seier ansvarleg for teknologikvalifiseringa i Statnett, Kjell Moi, til Nationen.

Han opplyser at bakgrunnen for dei nye varslingslysa er nye forskrifter frå Luftfartstilsynet om merking av luftfartshinder.

– Forskriftene stiller krav til lysmerking som lysstyrke og mengd blink i minuttet, slik at hinderet er godt synleg for lufttrafikken, seier Moi.

Forskrifta seier mellom anna at alle luftspenn som har over 150 meters høgd må merkast med såkalla «hinderlys», intensive varslingslys som blinkar.

Publisert: 26.02.2021 08:00

Sist oppdatert: 26.02.2021 08:02