Kort fortalt

86 prosent trur på Noregsferie

Same forventningar som i fjor.

08.04.2021

Berre 5 prosent av dei spurde trur det blir ferie utanlands i sommar, ifølgje Opinions koronamonitor.

Tala frå mars viser at delen som trur det blir Noregsferie, har auka med 9 prosentpoeng frå januar og ligg no på 86 prosent, skriv Opinion.

– Vi har no nøyaktig same og høge del som forventar noregsferie i år som vi såg gjennom heile vårparten i fjor. Trua på utanlandsferie er forsvinnande liten, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

15.700 personar vart spurde gjennom mars i samband med undersøkinga. 9 prosent svarer at dei ikkje veit.

– Lærdommen i fjor vår var at nordmenn heller syntest at opningsfasen gjekk for fort enn for sakte, sjølv om mange òg støtta tempoet til styresmaktene. Fleirtalet var spesielt kritiske til å opne grensene og antok at auka smitte vart resultatet, seier Clausen.

Publisert: 08.04.2021 07:23

Sist oppdatert: 08.04.2021 07:25

Mer om