Kort fortalt

90 smitta i Ørsta/Volda

Ni nye smitta fredag.

30.07.2021

Fredag vart det registrert ytterlegare ni koronasmitta personar i kommunane Ørsta og Volda. Totalt er det no 90 smitta i det noverande utbrotet.

– Fredag 30. juli er det så langt til saman meldt ni positive tilfelle av covid-19 i Ørsta/Volda, opplyser sunnmørskommunane på nettsidene sine.

Torsdag kveld melde kommunane at heile 61 personar hadde testa positivt den dagen. Arrangørar har vorte oppmoda til å avlyse alle arrangement i helga, og Volda kommune har meldt restauranten og utestaden MyKitchen i Volda til politiet etter smitteutbrotet.

Dei smitta er stort sett unge vaksne.

I Volda blir det no gult nivå i barnehagar og skulefritidsordninga frå måndag, opplyser ordførar Sølvi Dimmen (Sp) til Dagbladet.

På eit møte der representantar for Ørsta, Volda, statsforvaltaren og Folkehelseinstituttet deltok fredag, vart ein samde om å ikkje innføre lokale forskrifter førebels.

– Det vil bli gjort nye vurderingar måndag, seier Dimmen.

Ho fortel at formannskapet er varsla om at dei kan bli kalla inn på kort varsel for å vurdere eventuelle forskrifter.

Ein person som seinare testa positivt for Covid-19 i samband med utbrotet i Volda/Ørsta, besøkte Sunnmørsbadet i Herøy søndag 25.07. mellom kl 1300 - 1600. Sunnmørsbadet informerer no alle gjestar som var der i dette tidsromet. For dei det gjeld er det viktig å vere merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg, opplyser kommuneoverlegen fredag ettermiddag.

Tiltak utover dette er ikkje naudsynt å sette i verk no, opplyser Herøy kommune..

Publisert: 30.07.2021 18:29

Sist oppdatert: 30.07.2021 18:38

Mer om