(NPK-NTB): Posten skulle ha 309 millionar kroner for å levere laurdagsaviser i distrikta. Konkurrenten Kvikkas gjer same jobben for 210 millionar.
Kvikkas i Ålesund, med Norpost som underleverandør, vann over Posten i anbodskonkurransen i juli. Det vesle distribusjonsselskapet skal levere den same tenesta som Posten ville gjort, men for 99 millionar kroner mindre, skriv .
Etter at tildelinga av konsesjonen blei kunngjort av Samferdselsdepartementet valde Posten å klage, men departementet avviste klagen.
– Vi ser korleis ein tradisjonell leverandør som Posten blir angripen av aktørar som tilbyr andre typar tilsettingsforhold, eller kanskje ikkje tilsetting i det heile tatt. Medan selskapa bak sit igjen med fortenesta, må dei tilsette ta stadig større risiko. På sikt vil det gå ut over service og kvalitet, seier forbundsleiar Odd Christian Øverland i Postkom.
– Alle boda våre er tilsette på kontrakt, dei er busette i Noreg, dei har tarifflønn og vi har årlege forhandlingar med Transportarbeiderforbundet, seier administrerande direktør Hege Stenmarck i Norpost.
Anbodskonkurransen blei utlyst 21. januar i år, og kontrakten gjeld for to år frå november. (©NPK)

Publisert: 08.09.2016 08:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44