Evotec har sikra seg oppdraget med å levere eit komplett system for handtering av ROV-ar til eit nybygg som Green Yard Kleven skal levere i løpet av året.
Det er snakk om eit sokalla «flexi-lars»-system som inkluderer vinsjar, luke for å sette ut undervassfarkostar og tilhøyrande løysingar.
Nybygget som er designa av Marin Teknikk, kjem til verftet i Ulsteinvik når det er ferdig frå skrogverftet i Polen.

Rekordomsetning og resultat i fjor
Evotec-sjef Jogeir Romestrand kan samtidig fortelje at selskapet har lagt bak seg eit rekordår i 2025.
– Vi auka omsetninga med kring 50 prosent samanlikna med 2024, og gjekk frå kring 370 millionar til nær 550 millionar kroner. Fjoråret ligg også an til å bli eit rekordår når det kjem til overskot, seier Romestrand til Nett No.
Oppkjøpet av eit produksjonsanlegg frå Fortaco Group i fjor, er sterkt medverkande til at Evotec har klart å handtere veksten.
– Vi har allereie levert dei første komplette anlegga frå Serbia. Kundane våre som har vore der nede, seier dei er imponert over både kvaliteten på leveransen og fabrikken, legg Romestrand til.
Les også
Nytt vekstområde
Etter at fiskeri var eit vekstområde for Evotec i fleire år, er den marknaden no flata ut.
I staden er det offshore og ettermarknaden som utgjer dei største voluma for selskapet. I løpet av det siste året har også drilling vore eit segment i vekst.
– Det er eit nytt område for oss, og vi har ganske mange ordrar inne på drilling no. Det dreiar seg om eksplosjonssikkert utstyrt som skal stå nære der det blir bora, seier Romestrand.
I produksjonshallen jobbar dei no med å teste eit anlegg som snart er klart for levering til ein rigg. Også levering til forskingsskip har fått eit oppsving, og mange land nyttar desse som ein del av beredskapen sin - til eksempel for overvaking av kysten.

Utfordring med plass om bord
Levering av utstyret til Green Yard Kleven-nybygget er planlagt til sommaren 2026.
Salsleiar for offshore og vind, Geir Henning Kalvatn, fortel at det har vore ei utfordring å designe eit velfungerande system med avgrensa plass på eit fartøy som allereie er under bygging.
Det er nettopp ei styrke med Evotec sine løysingar, påpeiker Jogeir Romestrand.
– Vi ser ofte at vi treffer godt når kunden treng noko spesielt. Med liten plass om bord krevst eit spesielt system for å få den effektiviteten som kunden ønsker, legg han til.
Har vekse til 230 tilsette
Evotec-sjefen fortel at dei heile tida er på jakt etter fleire tilsette, men det er svært utfordrande å finne dei i lokalmiljøet på Sunmøre.
– Nesten alle i den maritime klynga søker etter fleire. Det er også årsaka til at vi gjekk ut av landet for å sikre vekst. Det har auka kapasiteten vår ganske kraftig, legg han til.
Etter oppkjøpet av fabrikken i Serbia teller Evotec-staben kring 230 tilsette. Kring 100 av desse jobbar ved avdelinga i Ulsteinvik.
Publisert: 05.02.2026 10:20
Sist oppdatert: 05.02.2026 14:23






