NTB ST2nic5zp HY gggggg
Samla storleik for dei kommersielt viktigaste norske fiskebestandane i 2025 var litt over 17 millionar tonn. I toppåret 2013 var det nær 35 millionar tonn. Foto: NTB / NPK
Nytt

Ressursoversikt: Norsk fiskebestand halvert på tolv år

Kraftig nedgang for dei viktigaste fiskeslaga.

05.02.2026

(NPK-NTB-Mette Estep): Torsdag presenterer Havforskingsinstituttet (HI) Ressursoversikten 2026. Den gir oppdatert status for dei kommersielt viktigaste havressursane våre og korleis klimaendringane er venta å påverke utviklinga framover. Førre tilsvarande rapport kom i 2018.

– Det var ei positiv bestandsutvikling frå tusenårsskiftet, opp til nesten 35 millionar tonn i toppåret 2013. Og så har dei samla ressursane vorte reduserte til litt over 17 millionar tonn i fjor. Vi visste om nedgangen for torsk, skrei, sild og makrell, men ikkje at det i sum var snakk om så mykje. Så det var litt overraskande med såpass store utslag, seier forskingsdirektør Geir Huse til NTB.

Det har spesielt vore ein nedgang i mengda pelagisk fisk, der dei vanlegaste artane er sild, makrell, lodde og brisling. I 2013 var det nær 27 millionar tonn pelagisk fisk, redusert til rundt 12 millionar tonn i 2025.

Raudt og gult lys
Rapporten gir ei oversikt over tilstanden for dei 46 økonomisk viktigaste bestandane som Noreg fiskar på. Bestandane er vurderte med trafikklyssystem og gitt grøne, gul eller raud status for rekruttering (tilvekst), biomasse (bestandsstorleik) og fisketrykk.

Berre fem av dei 46 bestandane får karakter grøn for alle kriteria: Breiflabb-bestandar i sør og nord, og dessutan stortare, og bestanden av kviting og raudspette i Nordsjøen.

Torsk, hyse og sei er dei viktigaste botnfiskartane i norske farvatn, både når det gjeld fangstmengd og økonomisk verdi. Både for torsk og skrei står det dårleg til, spesielt lengst sør i Nordsjøen. For hyse og kviting i Nordsjøen er fiskepresset derimot lågt, og gytebestanden er på grønt nivå for begge artane.

For makrellen er gytebestanden no på eit kritisk lågt nivå etter ein tiårsperiode med låg til middels rekruttering og eit for høgt fisketrykk dei siste åra.

For NVG-sild så er både 2021 – og 2022 – årsklassane sterke, og gytebestanden er venta å auke framover.

Varmerekordar
Dei siste tre åra har havtemperaturane i dei norske fiskehava Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet vore rundt 0,25 grader over normalen. Kystområda, som også er svært viktige for fisket, har vore 0,5 – 1,2 grader over normalen, som er høgare enn nokon gong tidlegare. Nordaust -Atlanteren er blant områda i verdshava som no blir varma opp raskast.

– Det er snakk om cirka 2,5 gonger det globale gjennomsnittet, ifølgje HIN sin rapport.

Det vil alltid vere naturlege variasjonar i havtemperatur, men ein gjennomgåande global temperaturauke har no heva temperaturkurva: Både dei høgaste og dei lågaste temperaturane er generelt høgare enn før.

Vatnet ned til 200 meter langs kysten har hatt sterkare oppvarmingstrend enn havområda. Sjøtemperaturen ved kysten har hatt ein spesielt sterk auke etter 2018. Kysten langs Sør- og Vestlandet var rekordvarm i 2025, med høgare sjøtemperaturar enn nokon gong tidlegare også langt ned i djupet ved kysten.

– Klimaendringane blir berre meir og meir tydelege, og det har til dels store konsekvensar for fiskebestandane våre, seier Huse.

Næringsgrunnlaget minkar
Rapporten ser nærare på utviklinga for klima og dyreplankton. Samanstillinga av desse to viser at klimaet er mykje varmare enn normalt, medan mengda plankton er lågare enn normalt i både Norskehavet og Barentshavet.

Ein lågare bestand av dyreplankton, som er næringsgrunnlag for spesielt pelagisk fisk, er ein viktig indikator på endringar i dei marine økosystema. Mindre plankton får ringverknader for næringstilgang også for andre artar, høgare opp i næringskjeda

HI påpeikar at ressursane i tillegg er under større press i dag, enn dei var for 125 år sidan, då HI byrja overvakinga si.

– Fiskeria har vorte meir industrialiserte og reiskapane fleire, og summen av menneskelege påverknader aukar, slår dei fast.

– Dette er kritiske ressursar. Det er store eksportverdiar for Noreg, men det er også mat, arbeidsplassar og eigenberedskap, seier Huse, som innrømmer at det ikkje er berre berre å gå inn med enkelttiltak for å balansere eit så enormt økosystem som havet.

– Ein ting vi kan gjere, er å ta betre vare på kvar enkelt fisk, la han vekse seg større før han kan fiskast. Om ein hevar minstemål, lèt kvar enkelt fisk vekse meir, kan det gi auka biomasse og meir utbytte for fiskarane. Og for nokre bestandar vil det å redusere fisketrykket auke det langsiktige utbyttet av fiskeria.

Publisert: 05.02.2026 09:12

Sist oppdatert: 05.02.2026 11:34

Mer om