Kort fortalt

Aavitsland: - Feil å stenge skular

FHI-overlege om pandemitiltaka.

07.07.2022

(NPK-NTB): FHI-overlege Preben Aavitsland seier at stenging av skulen under koronapandemien var ein tabbe og meiner det skapte falsk frykt overfor barn.

– Det å stengje skulane var ein tabbe og skulle ikkje vore gjort. Det var ikkje nødvendig, seier Aavitsland til NRK.

Han seier at det bidrog til å skape eit inntrykk av at koronaviruset var farleg for barn.

– Det er veldig få barn som har vorte alvorleg sjuke av viruset, understrekar overlegen.

Aavitsland påpeikar at Folkehelseinstituttet (FHI) var stort sett mot stenging av skulen under det meste av pandemien, og seier det var ein kamp frå FHIs side for at det ikkje skulle skje.

Han seier fleire kommunar og Helsedirektoratet var meir ivrige for stenging av skulane. Konsekvensane har vore store, ifølgje overlegen.

– Fleire stader i verda har det vore låg terskel for å stengje skulane. Det vi ser no er at barn nede i to- til treårsalderen går med munnbind, eller skal bli vaksinerte, seier Aavitsland.

– I FHI har vi heile tida meint at dei som blir minst ikkje ramma burde lide mest, seier han vidare.

Assisterande direktør Espen Nakstad i Helsedirektoratet avviser kritikken. Han held fast ved at det var nødvendig å stengje skulane for å redusere smittespreiinga.

– Eg trur dei fleste er samde i at viss målet var å få kontroll på pandemien og avgrense smitten raskt, så er nedstenging eit effektivt tiltak, seier han til NRK.

– Det er rett og slett fordi det tek ned mobiliteten til alle i samfunnet, legg han til.

(©NPK)

Publisert: 07.07.2022 09:50

Sist oppdatert: 07.07.2022 10:07

Mer om