Grotle markerte seg som Høgre sin fiskeripolitiske talsperson i førre stortingsperiode, men fekk ikkje attval som representant for Sogn og Fjordane.
Før Grotle vart vald inn på Stortinget i 2021 hadde han vore ordførar i Førde og seinare Sunnfjord kommune sidan 2011.
No blir det retur til sitt tidlegare yrke fortel Grotle til Nett No. Han vil etablere seg i heimbyen Førde. Planen er å satse spesielt inn mot oppdrag knytt til sjømatnæringa i kombinasjon med styrevervoppdrag i same bransje.
Med Grotle sin retur til advokatyrket har begge dei profilerte næringspolitikarane frå Sogn og Fjordane avklart kva dei skal gjere etter å ha tapt kampen om få halde fram på Stortinget.
Før helga vart det offentleggjort at Alfred Bjørlo frå Venstre blir leiar for den nyetablerte næringsstiftinga Drivkraft. Stiftinga er etablert med 100 millionar kroner frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Publisert: 28.10.2025 10:55
Sist oppdatert: 28.10.2025 11:24






