Med 100 millionar kroner i ryggen skal næringslivstiftinga Drivkraft gjere to ting, fortel styreleiar Bjørn Aage Haugen:
Gå inn med kapital i bedrifter og prosjekt, og medverke til næringsutvikling i Sogn og Fjordane gjennom å skape møteplassar og samarbeid.
Stiftinga blei etablert i sommar og pengane kjem frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sine midlar til almennyttige formål.
Korleis og i kva stiftinga skal investere, er førebels ikkje særleg detaljerte, men det vil i hovudsak skje gjennom fond og i samarbeid med andre, seier Haugen.
Har tilsett Alfred Bjørlo
Detaljane om korleis og kva stifting skal gjere, vil bli utforma saman med dagleg leiar, som nettopp er tilsett.
Det er tidlegare stortingsrepresentant og Stad-ordførar, Alfred Bjørlo, som blir sjef. Han har vore på leit etter jobb etter at han ikkje vart attvald til Stortinget i haust.
– Drivkraft er eitt av dei mest slagkraftige initiativa nokon sinne for å samle krefter om å skape utvikling og framtid i Sogn og Fjordane. Eg er glad for tilliten til å setje retning og fart på Drivkraft frå starten av, Altfor mange gode idéar og bedrifter har forsvunne frå Sogn og Fjordane fordi kapital og nettverk har vore for svake eller for langt unna. Den utviklinga må vi snu: Drivkraft skal vere motoren som får kapital, idéar og folk til å spele på lag, uttaler Alfred Bjørlo i ei pressemelding.
Bjørlo var ein av 46 søkjarar til stillinga. byrjar i ei deltidsstilling frå 1. november og for fullt i januar neste år.
Aktivitet er målet
Hovudmålet for stiftinga er å skape ny aktivitet, seier Haugen.
Lukkast det, håpar og ventar han at stiftarane vil stille opp med nye kapital også i framtida, om det skulle bli naudsynt.
Publisert: 27.10.2025 14:09
Sist oppdatert: 27.10.2025 14:48






