Kort fortalt

Advokatforeningen: – Tvilsame reglar

Skilde slepp karantenehotell, for å sjå barna, men ikkje gifte.

18.05.2021

(NPK-NTB): Skilde foreldre kan sleppe inn i Noreg for samvær med barna utan å opphalde seg på karantenehotell, men ikkje gifte. Tvilsame reglar, meiner Advokatforeningen.

Ein fransk advokat som jobbar i Paris og som har norsk kone og eig leilegheit i Oslo, vart send til karantenehotell då han skulle heim for å feire 17. mai med familien, skriv Dagbladet.

Han pendlar nesten kvar veke til Paris og kryssar grensa ofte, men vart denne gongen nekta å reise rett heim.

Innreisekarantenen har eit unntak som skal gjere det mogleg å halde oppe avtalt og fastsett samvær mellom foreldre og barn, som etter eit samlivsbrot, stadfestar Helse- og omsorgsdepartementet.

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc seier til Dagbladet at tilfelle der ein av foreldra har valt å pendle til eit anna land i ein periode for å arbeide, er ein annan situasjon.

– Her grip ein inn i retten til familieliv, og det er ei kone og to barn som i praksis ikkje kan sjå faren sin, meiner leiar Jon Wessel-Aas i Advokatforeningen.

Han seier det er merkeleg at unntaket ikkje gjeld for dei som faktisk lever saman, men bur som dei gjer på grunn av jobben hans.

– Eg meiner desse reglane blir tvilsame når dei blir tolka i lys av retten til familieliv, som både er grunnlovfesta og er ein menneskerett i Europa, seier Wessel-Aas.

(©NPK)

Publisert: 18.05.2021 12:29

Sist oppdatert: 18.05.2021 12:31

Mer om