Kort fortalt

Aftenposten: Rotevatn har betalt for lite skatt

Venstre-politikaren vil undersøke saka.

22.09.2021

(NPK-NTB): Stortingspolitikar Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid har betalt for lite i skatt i samband med bruk av stortingsleilegheita, ifølgje Aftenposten.

Rotevatn og KrFs Tore Storehaug har til saman betalt minst 400.000 kroner for lite i skatt skriv avisa.

Begge har fått pendlarbustad frå Stortinget fordi dei har vore folkeregistrerte hos foreldra sine ein annan stad i landet. Ingen av dei har betalt husleige eller andre utgifter til foreldra.

Skatteetaten har tidlegare sagt at politikarar som bur gratis heime, skal betale skatt av fordelen av fri bustad.

Ifølgje utrekningar Aftenposten har gjort, har Sveinung Rotevatn, som er klima- og miljøminister og nestleiar i Venstre, betalt 210.000 kroner for lite i skatt.

Rotevatn seier til avisa at han i lys av det Skatteetaten har uttalt til avisa, har teke kontakt med Stortingsadministrasjonen for å «få klarhet i reglene og hvordan dette eventuelt påvirker min situasjon tilbake i tid».

Tore Storehaug, som er KrFs finanspolitiske talsperson på Stortinget, skulle ifølgje avisa ha betalt mellom 190.000 og 230.000 kroner meir i skatt.

Storehaug skriv i ein e-post til avisa at han heldt seg til informasjonen han fekk frå Stortingsadministrasjonen, og at han derfor ikkje har skatta av fordelen med å bu i gratis stortingsleilegheit.

Aftenposten har dei siste vekene hatt ei rekkje avsløringar om politikarar som har betalt for lite i skatt på pendlar- og statsrådsbustader.

Publisert: 22.09.2021 12:32

Sist oppdatert: 22.09.2021 12:37

Mer om