Kort fortalt
Akademikerne og Unio går ut i streik
Meklinga førte ikkje fram.
24.05.2024
(NPK-NTB): Både Akademikerne og Unio går ut i streik etter at meklinga ikkje førte fram.
Akademikerne har i forkant varsla at dei vil ta ut 1240 tilsette i store delar av staten, mellom anna i politiet og fleire departement. Frå måndag vil talet trappast opp med totalt 1930 tilsette ute i streik.
Unio har varsla at dei vil ta ut eit lite knippe i streik fredag med ei kraftig utviding frå måndag – med 1600 medlemmer.
Publisert: 24.05.2024 09:31
Sist oppdatert: 24.05.2024 09:31