NPK-NTB: Aker Solutions har inngått ein intensjonsavtale med britiske Rolls-Royce SMR om leveransar til kjernekraft-prosjekt.
Selskapet skal bli leverandør av små modulære reaktorar (SMR) til kjernekraftprosjekt, fortel konsernsjef Kjetel Digre i Aker Solutions til Energiwatch.
– Det vi skal vere involverte i, er den delen som ikkje er kjernekraftbasert. Det er kanskje 20 prosent som er kjernekraftbaserte, og så er det 80 prosent som ikkje er det. Det er ganske mange modular som skal byggjast, seier Digre.
Det dreier seg ikkje om prosjekt i Noreg, opplyser Digre. Men dei ønskjer både norske og britiske tilsette på prosjektet. Målet med intensjonsavtalen er å jobbe fram prosjektet slik at dei til slutt kan inngå ein endeleg kontrakt.
Digre slår fast at dei satsar på kjernekraft gjennom avtalen med Rolls-Royce, og seier at dei trur på stor etterspurnad etter SMR-reaktorar i Europa.
– Vi har tru på SMR-teknologien, og meiner at det er rett å ta ei rolle og eit slags ansvar for å ta det vidare i Europa no, seier Digre.
Samarbeidet med Rolls-Royce SMR er ei stor moglegheit for Aker Solutions til å gå inn i ein ny marknad, seier Digre i ei pressemelding.
– Europas energiomstilling skyt fart og SMR står fram som ein nøkkelteknologi for å møte det veksande energibehovet, samtidig som utsleppa blir reduserte, seier han.
Publisert: 29.04.2026 10:07
Sist oppdatert: 29.04.2026 10:07





