Kort fortalt

Akselsen sluttar som sjøfartsdirektør

Gir seg som følgje av sjukdom.

26.05.2021


(NPK-NTB): Olav Akselsen gir seg som direktør i Sjøfartsdirektoratet som følgje av sjukdom. Lars Alvestad held fram som fungerande sjøfartsdirektør inntil vidare.

– Det har vore eit privilegium å få leie og representere Sjøfartsdirektoratet. Det har òg vore kjekt å få lære noko nytt kvar dag. Eg er stolt over det vi har fått til saman, og eg vil takke alle for samarbeid, seier Akselsen.

Akselsen byrja som sjøfartsdirektør i januar 2010. Vestlendingen sat på Stortinget for Arbeidarpartiet frå 1989 til 2009. Han var olje- og energiminister frå mars 2000 til oktober 2001.

55-åringen får skryt av næringsminister Iselin Nybø (V) for jobben han har gjort som sjøfartsdirektør.

– Eg vil takke Akselsen for den viktige innsatsen hans gjennom mange år. Akselsen har vore sentral i å utvikle Sjøfartsdirektoratet til ein moderne organisasjon som speler ei avgjerande rolle i utviklinga av den maritime næringa, både nasjonalt og internasjonalt, seier Nybø.

Lars Alvestad har fungert som sjøfartsdirektør dei siste to åra. Han held fram i rolla til det er tilsett ein ny leiar for direktoratet.

(©NPK)

Publisert: 26.05.2021 14:01

Sist oppdatert: 26.05.2021 14:12

Mer om