Alarm om mannskapsmangel på ferjene
Fagforeining meiner problemet er aukande.
(NPK-NTB): Innstilte ferje- og hurtigbåtavgangar på tvers av landet gjer at Norsk Sjøoffisersforbund slår alarm om mannskapsmangel.
– Folk står ekstra til krampen tek dei. Det går ut over helse, miljø og tryggleik, seier styreleiar Marius Strømmen i Norsk Sjøoffisersforbund til Klassekampen.
Talet på ferjeinnstillingar på grunn av mannskapsmangel er aukande år for år, seier Strømmen.
– Reiarlaga og politikarane er ansvarleg for at anbod blir utført etter kontraktane, men eg kjenner dei ansvarlege peikar på kvarandre utan at noko blir gjort med årsaka, seier Strømmen til avisa.
Hurtigbåtselskapet Torghatten Midt seier dei enkelte gongene har vore nøydde til å innstille avgangar på grunn av mannskapsmangel i sommar. Dei trur også mangelen vil auke dei neste åra.
– Vi vil jobbe tettare med andre reiarlag, partane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane framover for å overtyde unge om å velje ein karriere som sjøfolk, seier Arne Nilssen, driftssjef hurtigbåt i Torghatten Midt.
(©NPK)
Publisert: 21.07.2023 11:14
Sist oppdatert: 21.07.2023 11:14