Bjørlo uroa for straumprisane
Vil ha støtte til kultur og idrett.
Regjeringa må snarast kome med økonomiske støtteordningar til kulturaktørar, frivillige lag og ideelle organisasjonar som eig og driv kulturbygg og idrettsanlegg, og som slit med store ekstra kostnader som følgje av ekstraordinært høge straumprisar, meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
I eit skriftleg spørsmål til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) skriv Bjørlo at situasjonen er kritisk og det hastar.
Både Norges idrettsforbund og Frivillighet Norge har teke opp saka med departementet utan at det er funne ei løysing.
Bjørlo viser til at Venstre, Høgre og KrF, då Stortinget handsama straumpakka til hushalda i desember, foreslo å be regjeringa vurdere konsekvensane av det høge straumprisane for frivillige og ideelle organisasjonar og komme med tiltak så snart som mogleg.
Framlegget vart røysta ned av Ap, Sp og SV.
Bjørlo skriv at han vonar regjeringa kan vurdere denne saka på nytt no når ein brått har funne fleire ekstra milliardar til forbetra støtteordningar til hushalda.
Publisert: 12.01.2022 11:07
Sist oppdatert: 12.01.2022 11:13