Kort fortalt

«Alle» kuttar i laksekjøp – ikkje Kina

Nedgang i eksportvolumet.

01.06.2023

(NPK): Fleirparten av dei store lakseimportørane har redusert innkjøp av laks så langt i år. Men høge prisar på fisk bit ikkje på kinesarane.

Laksen har blitt dyrare det siste året, og det er ikkje berre i ferskvaredisken i Noreg det merkast. 13 av 14 av dei største lakseimportørane har kutta i innkjøpet. Det melder iLaks.no.

Noreg sin største laksekunde, Polen, har kutta importen med over 25 prosent hittil i år. Det same gjeld dei store importlanda Spania og Storbritannia.

Rekordhøge lakseprisar stoppar derimot ikkje kinesarane. Kina har importert 13,5 tonn fersk norsk laks i år. Det er ein kraftig auke på heile 32,7 prosent.

Ingen betalar meir for norsk laks enn Kina, ifølgje iLaks.no. Gjennomsnittleg importpris i år er 136,36 kroner per kilo.

(©NPK)

Publisert: 01.06.2023 17:00

Sist oppdatert: 03.06.2023 09:30

Mer om