"Alle" valde noregsferie
Rekordmange nordmenn drog på noregsferie i fjor
Aldri før har det vorte registrert like mange noregsreiser som i 2021. Av totalt 22,3 millionar reiser vart 20,5 millionar gjennomførte i Noreg, skriv SSB.
– Reiseaktiviteten kom tilbake til vanlege nivå i 2021, men med langt fleire reiser i Noreg enn det som var vanleg før pandemien. Medan vi før pandemien gjorde mellom 60 og 70 prosent av reisene våre innafor eigne landegrenser, låg denne andelen på over 90 prosent i 2021, seier førstekonsulent Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå (SSB).
I det første pandemiåret 2020 drog nordmenn på færre reiser enn vanleg, medan talet på reiser i 2021 var på same nivå som før pandemien, viser den siste reiseundersøkinga til byrået.
Sjølv om talet på innanlandsreiser har auka betrakteleg, har utanlandsreiser auka mykje som følgje av reiserestriksjonar. I 2021 drog nordmenn på 1,86 millionar utanlandsreiser, omtrent 7 millionar færre enn to år tidlegare.
Publisert: 25.02.2022 09:52
Sist oppdatert: 25.02.2022 09:53