Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy reasearch and analysis
GRUVEDRIFT: Slik kan gruvedrift på havbotnen gjerast i praksis, ifølgje Rystad Energy. Illustrasjon: Rystad Energy
Kort fortalt

Allianse mot gruvedrift på havbotnen

Miljøorganisasjonar, fagforbund, forskarar og fiskarar går saman.

08.10.2024

(NPK-NTB): 29 aktørar har slutta seg til ein ny allianse for å stanse det dei meiner er ein forhasta prosess frå regjeringas side for gruvedrift på havbotnen.

– Havet er under sterkt press, og det er avgjerande at vi forvaltar marine ressursar med aktsemd. Den norske opningsprosessen for gruvedrift på havbotnen har vore prega av hastverk, og både miljøfaglege råd, åtvaringane til forskarane og bekymringane til fiskeriorganisasjonane har vorte tilsidesette gong på gong. Slik kan vi ikkje ha det, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdsnaturfondet.

Blant aktørane som så langt har slutta seg til den landsomfattande alliansen, finn ein både miljøorganisasjonar, fagforbund, forskarar og fiskarar.

I juni la regjeringa fram kva område dei ønskjer å tilby selskapa for leiting av havbotnmineral. Totalt 386 blokker vart lagt ut på høyring, som utgjer 38 prosent av det totale området. Høyringsfristen gjekk ut 26. september.

– Omsyn til miljø skal varetakast i alle fasar av verksemda. I dag sender vi på høyring det området vi foreslår å lyse ut i første konsesjonsrunde. Planen er at tildeling av løyve kan skje i første halvår 2025, sa energiminister Terje Aasland (Ap) i ei pressemelding.

Også då vart Noregs planar om utvinning av havbotnmineral sterkt kritisert frå fleire hald, både frå SV og MDG, i tillegg til fleire miljøorganisasjonar.

(©NPK)

Publisert: 08.10.2024 11:55

Sist oppdatert: 08.10.2024 11:55

Mer om