Roger Hofseth foto Ogne
STØRSTE AKSJONÆR: Roger Hofseth er største aksjonær i Hofseth Biocare. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Amerikansk dotterselskap prisa til nær 300 millionar

Henter pengar til middel mot prostatakreft.

Marius Rosbach
17.09.2025

Dotterselskapet til Hofseth Biocare, Aecorbio, har henta inn 1,5 millionar dollar – nær 15 millionar kroner – i ny eigenkapital. 

Det opplyser Hofseth Biocare i ei børsmelding tidleg onsdag. 

Både nye og eksisterande investorar deltek i kapitalinnhentinga som prisar det amerikanske selskapet til kring 293 millionar kroner. 

Til samanlikning er marknadsverdien for Hofseth Biocare på Oslo børs kring 710 millionar kroner. Selskapet har tapt pengar i ei årrekke, men storeigar Roger Hofseth har store forventingar til utviklinga i selskapet framover. 

Aecorbio som tidlegare heitte HBC Immunology, jobbar med å utvikle eit legemiddel til bruk i behandling av prostatakreft. Tidlegare har studiar viste at middelet har eit potensial for å betre effektiviteten av behandlinga.

Aecorbio er skilt ut frå Hofseth Biocare, som framleis er desidert største eigar med kring 67,5 prosent av aksjane etter emisjonen. Det vil gi ein bokført gevinst for Hofseth Biocare på åtte millionar kroner i 3. kvartal, ifølgje meldinga. 

Kursen til Hofseth Biocare-kursen spratt først litt opp, men seig tilbake etter kort tid. Ved 10.30-tida var kursen 1,82 kroner – opp 0,28 prosent frå tysdagens sluttkurs.

Publisert: 17.09.2025 09:29

Sist oppdatert: 17.09.2025 10:50

Mer om