Hexagon Composites-kursen fall kring 15 prosent frå start onsdag – mest på Oslo børs. Sidan blei det verre.
Det skjedde etter at selskapet seint tysdag melde at dei henta inn 590 millioner kroner gjennom ei retta kapitalutviding.
Kursen ved 10.30-tida var på 13,72 kroner – rett under prisen per aksje i emisjonen på 14 kroner. Ved stengetid var kursen falle meir og slutta på 12,92 kroner - ned over 20 prosent.
Knut Flakk og familien var ikkje med på emisjonen, ifølgje Dagens Næringsliv. Flakk fortel til avisa at dei gjerne skulle vore med, men at dei ikkje hadde tilgjengeleg likviditet.
Pengane frå emisjonen skal nyttast til å styrke balanser for å navigere i noverande bransjeutfordringar, hjelpe initiativ for å auke adopsjonsraten for lastebilar på naturgass og generelle formål for selskapet, blir det opplyst.
Hexagon Composites leverte halvårstal 14. august som viste at marknaden for store mobile gasstankar var blitt vesentleg verre.
Hofseth Biocare opplyste tidleg onsdag at deira amerikanske dotterselskap, Aecorbio, hadde henta inn nær 15 millionar kroner i ny eigenkapital.
Både nye og eksisterande investorar deltek i kapitalinnhentinga som prisar det amerikanske selskapet til kring 293 millionar kroner.
Kursen til Hofseth Biocare-kursen spratt først litt opp, men seig tilbake etter kort tid. Ved stengetid var kursen 1,80 kroner, ned 0,83 prosent.
Atlantic Sapphire melde også at dei har fått på plass lån på kring 344 millionar kroner, der fleire eksisterande aksjonærar deltek.
Lånet er eit sokalla konvertibelt lån, som betyr at det seinare kan gjerast om til aksjar. Det nye lånet skal mellom anna innfri eldre lån og finansiere tiltak for å nå full kapasitet i første byggetrinn.
Atlantic Sapphire-aksjen låg tilnærma flatt etter nyheita, men enda dagen ned 1,76 prosent til 7,81 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs innleia dagen med eit fall - og der slutte den også. Då handelen slutta var indeksen ned 0,4 prosent til 1650,53 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,95 | 9,72 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,81 | -1,76 % |
| Endúr | kr 87,20 | -0,57 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,95 | -0,25 % |
| Hav Group | kr 6,86 | -1,44 % |
| Havila Kystruten | kr 1,26 | -4,55 % |
| Havila Shipping | kr 1,41 | 0,71 % |
| Hexagon Composites | kr 12,92 | -20,25 % |
| Hexagon Purus | kr 1,56 | -2,13 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,80 | -0,83 % |
| Tinde Sparebank | kr 121,52 | -2,63 % |
| Salmon Evolution | kr 5,18 | -0,96 % |
| Sparebanken Møre | kr 107,96 | 0,17 % |
Publisert: 17.09.2025 10:35
Sist oppdatert: 17.09.2025 18:33






