Kort fortalt

Ansatte overtar rådgjevingsselskap

Reorganisering og utviding i Nordplan.

Marius Rosbach
09.01.2023

Eit selskap med 42 tilsette som aksjonærar, har kjøpt rådgjevingsselskapet Nordplan. Det opplyser selskapet i ei pressemelding.

Nordplan har ifølgje meldinga hatt eit stabilt eigarskap over 36 år, i dei fire gründerane Ivar Bjarte Nord, Svein Rotevatn, Thorbjørn Sefland og Oddvin Myklebust.

No går dei gjennom eit generasjonsskifte, ved at selskapet Nordplan Holding overtek. Samtidig blir dotterselskapet Enøksenteret med ti medarbeidarar, fusjonert inn i selskapet.

Nordplan har hovudkontor på Nordfjordeid, og styrker no organisasjonen med eit kontor i Ørsta for søre Sunnmøre, og eit på Lillehammer. Dei har frå før avdelingar i Ålesund, Førde, Vågåmo og Lillehammer, samt kontor i Måløy, Leikanger Stad, Stryn, Sogndal, Bergen, Bismo, Surnadal og Vestby.

Publisert: 09.01.2023 17:03

Sist oppdatert: 09.01.2023 17:04

Mer om