(NPK-NTB): Den nye grunnrenteskatten på havbruk, også kalla lakseskatten, bidreg med 4,5 milliardar kroner i statskassa, ifølgje Finansdepartementet.
Det melder bransjeavisa IntraFish.
– Anslått bruttoproveny frå grunnrenteskatten på havbruk er på usikkert grunnlag rekna til om lag 4,5 milliardar kroner komme for 2024, skriv departementet.
Det vil i så fall vere litt under anslaget til regjeringa på fem milliardar kroner, men Finansdepartementet presiserer at anslaga framleis er veldig usikre.
Lakseskatten har møtt mykje motstand i oppdrettsnæringa.
– Satsen må vesentleg ned, normprisrådet må fjernast og næringa må kunne betale skatt på bakgrunn av faktiske inntekter og utgifter. Dette og meir ser vi fram til å snakke til finanskomiteen om fredag, seier fagsjef for industri og skatt i Sjømat Norge, Martine Werring-Westly, til IntraFish.
(©NPK)
Publisert: 09.10.2024 13:34
Sist oppdatert: 09.10.2024 13:34