Kort fortalt

Anslår julehandel på 139 milliardar

Norske hushald vil bruke nær 25.000 kroner i snitt.

12.11.2024

(NPK-NTB): I snitt vil norske hushald bruke nær 25.000 kroner på årets julehandel, ifølgje eit anslag Virke har laga.

Desember er den store handlemånaden der nordmenn skal kjøpe inn mat, gåver pynt og klede til jul. Det er også den viktigaste månaden for butikkane, seier administrerande direktør Bernt G. Apeland i Virke.

Fleire av medlemmene deira er butikkar, og dei har no laga eit anslag for korleis julehandelen i år vil ende. Dei har ikkje opplyst om kva som ligg bak prognosane.

Virke reknar med at nordmenn vil handle for 71,4 milliardar kroner i desember åleine. Tek ein med november òg, blir totalsummen på 138,7 milliardar kroner.

Det svarer til 24.900 kroner per hushald.

Høgare lønnsvekst og meir stabil økonomi gjer folk meir optimistiske og villige til å bruke pengar i år, seier Apeland.

Julehandelen er spesielt viktig for enkelte bransjar, som leikebutikkar, gullsmedar og bokhandlarar, påpeikar Virke. Leikebutikkane vil omsetje tre gonger så mykje i desember som dei andre månadene i år, ifølgje anslaget, medan gullsmedar og bokhandlarar er venta å få ein auke på 2,5 gonger.

Mat og drikke er venta å utgjere 42 prosent av den totale julehandelsomsetninga, som inkluderer daglegvarekjedene, Vinmonopolet og mindre utsal.

– Også netthandelen held fram med å vekse. Virke ventek at netthandelen i november og desember vil no 31 milliardar kroner, ein auke på 6 prosent frå fjoråret, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Virke har over 25.000 bedrifter som medlemmer og vart grunnlaga i 1990 av handelsorganisasjonane i Noreg.

(©NTB)

Publisert: 12.11.2024 13:57

Sist oppdatert: 12.11.2024 13:57

Mer om