Kort fortalt

Ap mest fram på måling

Framleis under 20 prosent.

04.04.2023

(NPK-NTB): Arbeidarpartiet går mest fram på TV 2s ferske stortingsmåling, men har framleis ei oppslutning på berre 18 prosent.

Oppgangen på 1,5 prosentpoeng er innanfor feilmarginen og kan altså komme av slump ved utvalet som er spurt, skriv TV 2. Målinga er utført av Kantar.

Valekspert Terje Sørensen påpeikar at bakgrunnstala viser at nesten halvparten av veljarane har forlate Ap sidan 2021.

– Det er ikkje uvanleg at parti som har opplevd ein sterk tilbakegang gjennom månader, får ein reaksjon oppover. Om det blir ein varig trend, står att å sjå i neste måling, seier han.

I snittet for målingane i mars, låg Arbeidarpartiet på 17,3 prosent.

Høgre er igjen største parti i TV 2s måling med ei oppslutning på 30,6 prosent, opp 0,7 prosentpoeng frå mars. Dei borgarlege ville ha fått fleirtal med 87 mandat viss målinga var valresultatet.

Heile målinga (endring frå førre månad i parentes): R 6,4 (+0,7), SV 9,9 (+0,5), Ap 18 (+1,5), Sp 5,6 (-1), MDG 4 (+0,5), V 4,3 (-0,3), KrF 3,1 (-1,2), H 30,6 (+0,7), Frp 12,6 (-1,9), Andre 5,6 (+0,5).

Målinga er utført mellom 27. og 31. mars og 977 personar er spurde. Feilmarginen er på mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng.

(©NPK)

Publisert: 04.04.2023 08:51

Sist oppdatert: 04.04.2023 08:51

Mer om