NPK-NTB: Eit fleirtal på Stortinget sa i 2017 nei til å opne for turistskatt. No ligg det an til omkamp etter at både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har snudd.
Då Stortinget behandla reiselivsmeldinga til regjeringa «Opplev Norge – unikt og eventyrlig» våren 2017 var det berre Venstre og SV som opna for turistskatt. Fleirtalet, Høgre, Frp og Senterpartiet, sa klart nei til å opne for innføring av lokal turistskatt. Også Ap var skeptisk. No har to parti snudd, skriv .
– Vi har justert kursen fordi vi ser det kan vere behov lokalt for å ta i bruk dette i ei eller anna form, seier Geir Pollestad (Sp) som leiar næringskomiteen på Stortinget til Dagens Næringsliv.
Han legg til at partiet samtidig foreslår å redusere reiselivsmomsen frå 12 til 10 prosent
Også Arbeidarpartiets Cecilie Myrseth har vorte tilhengar av å opne for turistskatt i Noreg. Myrseth sit i programkomiteen som skal meisle ut Arbeidarpartiets program føre valet i 2021.
– Målet mitt er at vi skal programfeste innføring av ei besøksavgift der inntektene går direkte tilbake til investeringar og drift lokalt. Eg har ikkje eit svar på korleis det skal gjerast, men det viktigaste no vil vere å etablere ein politisk vilje til å sjå på dette, seier Myrseth til DN.

Publisert: 27.11.2019 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31