Kenneth Langvatn er styreleiar i Sunnmøre regionråd, som er det største i landet målt i talet på medlemskommunar. Langvatn er òg ordførar i Giske kommune og har 25 år erfaring frå maritim sektor.
Dei femten kommunane som er med i Sunnmøre regionråd har sine unike særtrekk, men alle har dei det til felles - å tilhøyre ein region med stor skaparkraft. (Innlegget held fram under annonsen)
Vi tar ikkje munnen full når vi slår fast at Nordvestlandet er eineståande på skaparkraft. Det er neppe tilfeldig. Det harde klimaet og den utfordrande naturen gjorde oss tidleg til problemløysarar, innovatørar og entreprenørar.
Fordi vi måtte.
På same måte er vi meir vendt mot verda enn andre regionar. Vi må vere best, for å hevde oss i konkurransen med dei beste.
Vi er ikkje vande med å få for mykje frå staten, men i dag herskar det ein slags bitter ironi over måten vi planlegg samfunnet på i Noreg: Staten er meir avhengig av Nordvestlandet og distrikta enn nokon gong før, men politikken rettast i større grad inn etter befolkningstettleik, ikkje verdiskaping.
Kraftig ubalanse
Minus 6,4 TWh. Det er status for kraftbalansen for Møre og Romsdal i dag. Den er venta å auke med endå 11 prosent fram mot 2030, til −7,1 TWh. Men når Statnett legg fram systemutviklingsplanen sin, så kallar dei den ein robust plan i urolege tider.
For alle utanom her vi treng det aller mest, tydelegvis.
Nordvestlandet glimrar nemleg med sitt fråvær.
Vi er eit svart hôl på kartet.

Nordvestlandet leverer enorm verdiskaping til fellesskapet. Vi sender store inntekter inn i statskassa, men får lite att i form av prioritert infrastruktur, enten det gjeld kraft, samferdsel eller sjukehusøkonomi. Det er ikkje berekraftig – verken for regionen vår, eller for landet.
Den grunnleggande forståinga manglar
I Sunnmøre regionråd kjenner vi att mønsteret. Når vi løfter utfordringane rundt sjukehusøkonomi, får vi ikkje svar på fundamentale spørsmål. Dei store behova for samferdselsløft, endar i stillheit.
Det er som om det manglar ei grunnleggjande forståing for kva som faktisk driv norsk verdiskaping: kysten, eksportindustrien, dei små og mellomstore bedriftene med global marknad. Desse treng både kraft, infrastruktur og folk for å halde fram.
På Nordvestlandet åleine jobbar fleire tusen menneske i eksportretta industri, maritim sektor, fiskeri, havbruk, møbelproduksjon og teknologiutvikling. Våre bidrag gjer at landet kan investere, omfordele og planlegge for framtida.
Likevel er det som om denne realiteten ikkje finn vegen til den nasjonale politikken.
Vi overleverer inn – men får ikkje naudsynt infrastruktur tilbake.
Ein region som Nordvestlandet, med høg eksportverdi og internasjonal konkurranse, blir behandla likt som ein region med primært offentlege arbeidsplassar.
Det betyr i praksis at vi ikkje får investeringar i kraftnett- og produksjon i takt med næringslivet sitt behov. Det betyr at samferdselsprosjekt som er avgjerande for logistikk, konkurranse og eksport, blir vurderte på linje med infrastruktur rundt dei store byane, og med dagens utrekning av nytteverdi taper vi i prioriteringa.
Resultatet er ein politikk som ikkje speglar verkelegheita i heile landet. Medan vi ber ansvaret for store deler av den norske økonomien, får vi ikkje rammevilkår som speglar dette ansvaret.
Skal Noreg vere eit høgkompetent, eksportretta og innovativt samfunn i framtida, må kysten få verkemiddel som gjer at vi kan halde fram med å dra lasset.
Det handlar ikkje om særbehandling. Det handlar om å sjå på realitetane, og om å investere der verdiane faktisk blir skapte.
Kysten i Noreg har ei eiga kraft, men vi opplever at resten av landet ikkje har forstått dette.
Difor må vi vise fram den krafta som bur på kysten. Så kan vi i det minste håpe på å få kraft til svar.
Publisert: 29.01.2026 11:46
Sist oppdatert: 29.01.2026 11:48






