Kort fortalt

Ap vil fryse bedriftsskatten

Framlegg i nytt partiprogram.

30.09.2024

NPK-NTB: I utkastet til nytt partiprogram foreslår Arbeidarpartiet å halde skattane og avgiftene på dagens nivå. Både for privatpersonar – og for bedrifter.

– I det nye partiprogrammet kjem vi med eit heilt klart skatteløfte. Vi gir det norske folket og norske bedrifter tryggleik for framtida. Det samla skatte- og avgiftsnivået vil ikkje auke med ei Arbeidarparti-leidd regjering, seier nestleiar i Arbeidarpartiet Tonje Brenna.

Måndag la ho fram det som er eit førsteutkast til nytt partiprogram for perioden 2025–2029. Der blir det slått fast at Arbeidarpartiet vil «halde dei samla skattane og avgiftene på norske privatpersonar og bedrifter på same nivå som i dag».

Arbeidarpartiet har i dag eit liknande skatteløfte, som dei vart samde med Senterpartiet om i Hurdal. Men det gjeld berre for privatpersonar.

Publisert: 30.09.2024 14:11

Sist oppdatert: 30.09.2024 14:11