Ap vil stoppe gondolplanar i Sula
Meiner prosjektet er urealistisk.
Sula Ap meiner planane om å byggje gondol til Sulafjellet er så urealistiske, at dei bør stoppast, skriv Sunnmørsposten.
Det var Jim Arve Røssevoll som fortalde dette under eit møte i plan- og miljøutvalet tysdag.
Han viste til protestar mot planen frå både Statsforvaltaren og fylkeskommunen i høyringa som nyleg er avslutta.
– Det er tydeleg både for meg og dei andre i Arbeidarpartiet at tiltakshavaren (Flakk Gruppen) aldri kjem til å kome i mål med denne saka. Saka har kosta tid og pengar for dei. Og kva med dei råka? Vi spør oss om vi skal halde fram saka eller om vi skal setje stopp, sa Røssevoll ifølgje avisa.
Verken Høgre, Frp er samd med Røssvold og meiner kommunen bør ta den tida dei treng med gondolplanane. Saka vil uansett bli lagt fram for politikarane som skal ta stilling til kva administrasjonen kjem med.
Publisert: 15.11.2023 10:38
Sist oppdatert: 15.11.2023 10:38