April-rekord for sjømateksport
Svak krone er forklaringa. Fallande verdi mål i euro.
NPK-NTB: Aldri før har det vore ein april med like høge inntekter frå sjømateksport som i år. Svak krone er forklaringa.
Sjømat for 13,9 milliardar kroner vart send ut av landet førre månad. Det er 7 prosent meir enn i april i fjor.
– Veksten kjem i stor grad av den norske krona, som er litt svekt mot både euro og amerikanske dollar samanlikna med april i fjor, seier direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.
For torsk har det ikkje vore lågare eksportvolum på ti år. Likevel har eksportverdien aldri vore høgare for «ein feit og fin og norsk ein». Prisoppgangen for torsk kjem av kvotenedgang og auka etterspurnad som følgje av sanksjonar mot Russland.
Målt i kroner har Noreg så langt i år produsert sjømat for omtrent like mykje som i fjor. I euro er det snakk om ein nedgang på 3 prosent.
Publisert: 06.05.2024 07:44
Sist oppdatert: 06.05.2024 07:44