Kort fortalt

Arbeidarpartiet snur om gratisferjer og studielån

Vil ikkje ta med kutta i statsbudsjettet.

21.10.2025

(NPK-NTB): Arbeidarpartiet snur om kuttet av gjeldssletteordninga og ordninga med gratis ferjer i forslaget sitt til statsbudsjett.

Det opplyser finanspolitisk talsperson for partiet, Tuva Moflag, tysdag. Ho møtte pressa i vandrehallen i Stortinget etter eit hasteinnkalla møte i Arbeidarpartiets stortingsgruppe.

– Arbeidarpartiet har komme med to løfte i valkampen som ikkje er følgt opp i budsjettforslaget. Det gjeld gjeldssletteordninga og ordninga med gratis ferjer, sa ho.

Desse kutta blir droppa, opplyser Moflag.

– Me held det me lovar. Derfor har stortingsgruppa i dag gitt ei fullmakt til finansfraksjonen om at løfta skal innfriast. Det handlar om Arbeidarpartiets forhold til veljarane som har gitt oss tillit, seier ho.

Kuttforslaga har ført til sterke reaksjonar og skuldingar om løftebrot frå dei andre raudgrøne partia.

– Folk skal komma i jobb, kunne planleggja livet sitt, betala rekningane, vita at barna får ein god skule, og at helsa blir teken vare på når ein treng det. Det er utgangspunktet vårt for forhandlingane med dei andre partia, seier Moflag.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier Ap snuoperasjon var «heilt avgjerande viktig» for dei kommande budsjettforhandlingane.

– Når me høyrer Arbeidarpartiet no, så verkar det som om at Arbeidarpartiets leiing har snudd, mykje takka vera grasrota i partiet, og at me var så tydelege, seier han.

Vedum tek likevel atterhald om at han vil sjå Arbeidarpartiets nye forslag skriftleg.

– Men eg reknar med at dei skal ha ei inndekking på det. Det er eit veldig viktig steg på vegen, seier Sp-leiaren.

Publisert: 21.10.2025 19:49

Sist oppdatert: 21.10.2025 19:49

Mer om