Kort fortalt

Arbeidsløysa fell

Arbeidsløysa i Noreg sokk til 3,2 prosent i mai, ned 0,2 prosentpoeng frå februar.

28.07.2022

Det viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrås (SSB) arbeidskraftundersøking torsdag.

Frå februar til mai i år vart det 5.000 færre arbeidsledige. I same periode var det 0,37 prosent fleire jobbar.

Arbeidsløysa gjekk ned frå 3,4 prosent i februar 2022 til 3,2 prosent i mai.

I mai var det 93.000 arbeidsledige mellom 15 og 74 år i Noreg. I alt er 2.857.000 menneske i arbeid. Det er 15.000 fleire i arbeid no enn i februar, noko som betyr at arbeidsstyrken har auka.

Ifølgje førebelse tal for juni var det ein auke i talet på jobbar i Noreg på 0,22 prosent frå månaden før. Også i talet på arbeidarar var det ein auke, på 0,17 prosent.

I heile landet er det 2.706.310 arbeidarar og 3.012.460 jobbar. For eitt år sidan var det høvesvis 2.579.000 arbeidarar og 2.842.050 jobbar, altså har talet på arbeidarar stige med 4,9 prosent, og talet på jobbar har stige med 6 prosent.

Tal brukt til å samanlikne med juni-tal er også førebelse.

I yrkesgruppa tekniske tenester og eigedomsdrift auka talet på lønnstakarar med 0,6 prosent frå mai til juni, ifølgje førebelse og sesongjusterte tal. Det var mest i landet. Neste er overnatting og servering og deretter informasjon og kommunikasjon med ein auke på høvesvis 1 og 0,6 prosent.

Yrkesgruppa som mista flest arbeidarar var, undervisning, med ein nedgang på 0,2 prosent.

Publisert: 28.07.2022 11:01

Sist oppdatert: 28.07.2022 11:02